Historien til Spjeldnes Gard

Truleg har det rusla folk her på garden langt tilbake i tid – frå slutten av den siste istida, omkring 7 – 8000 f.Kr, gjennom steinalderen (ned til 1500 f.Kr.) og i bronsealderen (1500 – 500 f.Kr.). Dei må ha levd i og med og av naturen slik den var frå skaperens hand, men dei kan ikkje ha brydd seg med å setja spor etter seg. I dag kunne me ha ønskt oss det.

Frå jernalderen (500 f.Kr – 1050 e.Kr.) og frå folkevandringa 375 – 550 e. Kr har me handfaste merker etter buande folk. Det er dei 6 gravene i utmarka  på grensa mellom Spjeldnes og Marås – på staden med det naturlege namnet ”Gravena”. Det vart funne ei urne i ei av gravene i 1897, den vart tidfesta til tidleg på 400 talet e. Kr. ved Bergen Museum.

Same kjelde ved Bergen Museum går ut i fra at sjølve gravene skriv seg frå 400 – 600 e. Kr. – i god tid før Vikingtida (793 – 1050). I dette gravfeltet vart det og funne ein velforma bautastein. Det var dessverre ingen ting skrive på denne bautaen.

Bautaen står i dag ved Furutreet vårt, den vart plassert der av Anders Spjeldnes. Ikkje så langt frå desse gravene – i området mellom ”Fjædlångvågjen” og ”Spjellnæshave” – har det nok budt folk gjennom fleire generasjoner. Kanskje dei heldt til ved inste enden av Grudnevågen, der det var livd, skjul og rennande vatn. I so fall har dei valt gravplassane litt høgare og friare med ”utsyn” utover Osen og sjøen, med alt som rørde seg der, med allfarvegen til den ”store vide verda”, som låg der og venta på at vikingånda skulle vakne hjå forfedrane våre.

Så gjekk det heile tusen år, før me har den første namnkjente personen som budde her på garden – ein viss Engelhart, tidleg på – 1400 talet, truleg prest. Så gjekk 250 år med namnkjente og heilt ukjende buande fram til Sokneprest Lyttich Hansen Overstad på midten av 1600 -  talet. Frå då av er det stort sett ”kjennsfolk” gjennom 350 år fram til vår eiga tid, med m.a ”dobbelt innslag” av aner eller forfedre til Henrik Wergeland. Garden var i Staten si eige, og vart nytta til prestebolig, eller så pakta presten garden vekk, og fekk dermed inntekta av garden. Frå 1692 – 1699 budde Herr Peder Nielsen Bush, sokneprest i Lindås. Ved juletider i 1697, brann våningshuset. Herr Bush bygde nytt hus, som vart ståande til 1903.

 

Frå 1764 – 1777 budde John Knudsen Nedrevold (1725 – 1777, vart kalla ”Nerål”), han kom frå Ørskog på Sunnmøre, var klokkar i Lindås. Han planta to asketre på sørsida av huset, det eine står der enda og er freda. Dotter hans Antonette Augusta (1759 – 1810) vart bestemor til  Henrik Wergeland.

Frå 1777 – 1782 budde Steffen Askildsen Spjeldnæs (1746 – 1782) her. I 1770 g.m Kari Monsdtr (1745 – 1826). Ho var viden kjent som ”klok kona”. Då ho sat med kår på garden, hadde ho si eiga ”sjukestove” nede på Karihaugen, der ho dreiv med ”åtgjer”, ”signing”, ”støypte for svækk” og ”greip ord”. Høyres som reine trolldommen!                                                                  

Frå 1784 – 1834 budde Johannes Johannessen Spjeldnæs her. Minnestein er reist ved Lindås Kyrkje. Han var kommandantsersjant. Grensevakt mot Sverige i 1808, Stortingsmann i 1821,-22,-27,-28, og -33.Eigde fleire garder. Kjøpte ut Spjeldnes – garden frå Staten i 1812. Johannes J. Spjeldnæs gifta seg for 2. gang i 1829 med Johanna Nilsdt. Ones (1803 – 1883).Ho trudde at det bibelske Paradiset hadde vore på Spjeldnes i følge Anders Spjeldnes. Dei fekk 1 barn, Barbro (1833 – 1910).

I 1860 g.m Eilif Anderson Utlygren (1830 – 1895).Dei fekk 7 barn. Deriblandt Anders (1865 – 1960), odelsgut og gardsbrukar, og truleg den største Spjeldnespatrioten til dags dato.                                                                         

I 1861 heldt Hans Cristian Knudsen (1816 – 1863) til her om sommaren og hausten – på rekreasjon. Han var den første norske misjonæren (for eit tysk selskap) i Afrika. Han var ein gåverik kunstnar (målar) med ein stor personlegdom. Som vederlag for opphaldet, måla han husbondfolket (Eilif A. Spjeldnæs og Barbro Spjeldnæs), kårkona Johanna Nilsdt. Spjeldnæs, og eit lite barn Johannes 1861, han døydde som liten. Måleria heng i stova vår.

Når han skulle reise frå garden her, stoppa han ved Furua, lyste velsignelse over garden og folka. Han kom bort under eit snøskred i Hattfjelldalen. Han var truleg ein modell (eller fleire) til Ibsens ”Brand”.

I 1888 kom Cicilia Lassedt. Sletteland, kalla seg ”Sessa”, til gards. Ho var ”utsett” frå Bergen, der ho blant anna hadde arbeidd som kokke for Stender i 18 år. Ho kvikna til her på Spjeldnes, og var heilt normal i 19 år. Fekk eit tilbakefall i 1914, men ba om å få vera på Spjeldnes så lenge ho levde. Ho kunne skryte av å ha banka opp sjølvaste Christian Michelsen – då han var mindreårig og litt for aggresiv mot dei barna han leika med.

Frå 1895 – 1935 var det Anders Eilifson Spjeldnes (1865 – 1956) som styrte gården.Han fekk Kongens Fortenestemedalje i gull som 90 åring. Han var ein flink sogeforteljar, og flink til å halde greie på det som hadde vore. I 1895 g.m Angunna Knutsdt. Lid (1868 – 1956 frå Voss)Dei fekk 8 barn.

Frå 1935 – 1974 Knut Lid Anderson Spjeldnes (1902 – 1989) Vernepliktig Kaptein i Infanteriet. Sat i tyske konsentrasjonsleirer under siste verdenskrig. Songar, tegnar, malar og treskjerar.1935 g.m Anne Martinusdt. Kverum (1898 – 1983 frå Fluberg)Dei fekk et barn Astrid Margrethe f.1936, g.m Ingvar Olaison Myking f. 1936, skilt.

Dei tok over garden i 1975, og fekk 4 born. Margrethe f. 1962, Kjartan Oddvar f. 1964 Odel, Inge f. 1965 og Gro Anne f.1967.

Kjartan Myking Spjeldnes (1964), som har odel, kjøpte garden i 1991, dreiv då med sauer, skog og sagbruket. Pluss arbeide utanom.Slutta med sauer i 2001.  G.m  Heidi Hauge Spjeldnes (1966) i 2002

Gamlesaga som ligg inne i grunnevågjen vart bygd i 1930, den vart driven med vasskraft.I 1965 fekk ein diselmotor på saga. Forskalingsmaterialen til brua over til Lindås blei sagd på gamlesaga. I 1977 vart brua bygd, det var då byggjefeltet kom her. Det vart ein av måtane til å finansiera brua på. Og det var nok ein stor revolusjon for dei som budde her, og som måtte i båt i all slags ver, for å komme seg over til Lindås.

Den nye saga blei bygd i 1981, i saman med Anders Gjerstad. Den ligg innafor våningshuset vårt. I 1998 vart det bygd ny skogsvei innover til Marås. Og i 2006 bygde vi vei ned til Feriehuset.

Vi prøver no å finna utradisjonelle måtar og kunna driva garden på. Garden vår ligg vakkert til med nydeleg utsikt over Spjeldnesosen, og me vil gjerne dele dette vakre med alle som har lyst til å koma hit til oss. Vi leigar ut Feriehus nede ved sjøen, driv enda med skog og sagbruk. I 2006 ominnreda vi sauefjøset og fekk bruksendring i 2008 til Selskapslokale, den minste siloen vart kjøkken og utedoet vart gjort om til vassklosett. 
Og i 2014 sto høyrommet ferdig til å ta i mot gjestar. Nytt kjøkken i den største siloen + i tilbygget, og nye toalett i nybygget. Me kan no ha 110 bespisande gjestar i lokala våre. Høyrommet og Fjøset kan brukast som to adskilte lokaler eller slåast saman til eit lokale, alt etter som gjesten har behov for. Me prøver ta vare på det unike i både Fjøset og Høyrommet, slik at besøkande får ein god opplevelse, og klarer å sjå for seg korleis det var her når Fjøset og Høyrommet var dyra sitt. Kjøyrebrua i Høyrommet har me restaurert, slik at den er der slik den alltid har vore.